Hovudmål! Kuventræ skule vil skapa eit godt læringsmiljø med tryggleik, trivsel, samarbeid, ansvar og kreativitet. Vi vil ha ei god fagleg og tilpassa opplæring som grunnlag for alt i skulen.
Fredag var det endeleg duka for superfinalen i "Den store kunnskapskonkurransen". Elevar frå 5.-7. trinn frå Os barneskule og Kuventræ skule var publikum. Og dei fekk med seg ein spennande duell mellom dei to skulane.
Klokka 09.30 startar finalen mellom Kuventræ skule og Os skule i gymsalen på Os skule. Dette er første gang Kuventræ skule har ein slik kunnskapskonkurranse og dermed og første gang vi har ein "superfinale" mellom beste lag frå Kuventræ, og beste lag frå Os.
Elevane har fått med seg heim bestillingsskjema for skulegenser. Ein går inn på www.university.no, og loggar seg på med skulenr. 03485U. Bestillingsfrist er 30. april.
Fredag før påske vart det avgjort kva lag som går vidare til superfinalen mot Os skule. Den interne finalen gjekk føre seg i eit fullsett musikkrom. Her fekk både finalelaga og publikum testa kunnskapane sine om både det eine og det andre.